Bade i sjø

Sjøbad er den friskaste opplevinga! Du kan vasse og hoppe i klar sjø, frå varme svaberg og lune viker. Fleire plassar er godt eigna for heile familien og er lett tilgjengelege. Sjå oversikt over eit utval badeplassar frå side 37 i AustevollGuide.

Bade i basseng

I Austevollbadet på Storebø er det fint å bade uansett vêr. Her er det symjebaner, det er wibit for leik, og det er eit ekstra basseng med god og lun temperatur for barn og andre som ønsker dette. Sjå austevollbadet.no for opningstider og anna info.

På Stolmen er det også eit flott og oppvarma basseng som ein kan leige. Dette er ikkje ope året rundt. Sjå stolmenvel.no for meir info og leigeavtale.

Sjå havørn 

Austevoll har mange havørn som du ofte kan sjå. Både på fjelltoppar og ute på sjøen kan ein ofte vere heldig å få oppleve at ørna svevar over landskapet.

Om du ynskjer å delta på ein organisert ørnesafari så kan du kontakte Engesund Visningssenter.

Låne utstyr i BUA Austevoll

BUA Austevoll er ein GRATIS utstyrssentral, og har blant mykje anna SUP brett, redningsvestar, skateboards, tandemsykkel, campingutstyr….

https://www.facebook.com/BUA-Austevoll-112724260851024

Gå på tur 

Mange gode turstiar, langs Nordsjøløyper ut mot havet, langs havet, i flott furuskog eller lyngheiar eller opp mot Austevoll sine fjelltoppar for praktfulle rundskue over kystlandskapet. Det er eige turlag i Austevoll med eiga side på Facebook, søk etter Austevoll Turlag. 

Vi har også Norsjøløyper i Austevoll:

N= Stolmen frå Kvalvåg – Våge
N= Selbjørn Gauksheim – Stolmabrua
N= Selbjørn Grasdal – Bekkjarvik
N= Hundvåkøy – Troland
N= Bakkasund Kalve – Skansen

Sjå også ut.no og fjelltoppjakten.no.

Oppleve Adlesi

Dagsturhytta i Austevoll ligg like ved toppen på Loddo. Den har fått namnet Adlesi, eit namn som ifølgje kommunen fortel det aller viktigaste, nemleg at hytta er alle si.

Sjå turinfo på Turlaget sine sider:

Adlesi - tur til dagsturhytta i Austevoll kommune (ut.no)

Sykle/køyre bil (2-setar)

Øyane i Austevoll er sykkelvenlege på alle måtar med korte avstandar, nye opplevingar rundt kvar av dei mange svingane, moderate bakkar og mykje flott å sjå på langs turen.

Sykkel/el-bilutleige: 

  • Joker Bakkasund, tlf 97 68 77 73 

  • NFU Austevoll har tandemsykkel tilgjengeleg tlf 55 08 14 62 / 63 - Austevoll bufellesskap 

  • BUA Austevoll på Storebø har tandemsykkel tilgjengeleg for utlån 

  • Hos Bekkjarvik Gjestgiveri kan du leige Renault Twizy (4 bilar, 2-seters, kr. 350,- pr. time/bil.)

Padle kajakk 

Med alle sine 667 øyar er Austevoll eit eldorado for kajakkpadling. Sjå havstrilpadleklubb.no

Besøke Olaskjeret

Olaskjeret tilbyr båttaxi, båtutleie, sightseeingturer, fisketurer i skjærgården i Austevoll og omegn. Her kan ein også leige SUP-brett, kajakk, og ein kan bade på dei flotte sandstrendene på holmen.

Dykke 

Mange gode plassar for dykking. Luft kan du fylle på Rabben, ring leder for Tore Salthella, leiar for Austevoll Dykkerklubb, tlf. 45887872, eller ta kontakt via klubben sine Facebooksider.

Fine dykkeplassar ein kjem til med bil: Stolmen, Kvalvåg - Stolmen, moloen - Gauksheim, moloen - Blænes  - Skår og Barmen på Hundvåkøy

Fine dykkeplassar ein kjem til med båt: Husavik, Langenuen - Møkstrafjorden - Vest for Litlakalsøy - Marsteinen - Horgo

Sjå meir info her: Austevoll Dykkerklubb | Facebook

Handle antikvitetar og snurrepipperiar

I Sjåbuo hos Harald og Mariann i Otterå kan du handle flotte reiskapar og interiør m.m. frå svunnen tid. Butikken er ikkje open kvar dag, så her må du sjekke deira Facebooksider for opningstider, eller for å kontakte vertskapet direkte for avtale.

Besøke Bekkjarvik

Tradisjonsrikt og levande handels- og sjøbruksmiljø med Bekkjarvik Gjestgiveri,
butikksenter, postkontor, nothengje med scene, lun gjestehamn og badeplass. Kvar sommar er det store kystkulturarrangement i den gamle nothengja og med besøk av veteranbåtar. Butikksenteret er omsorgsfullt tilpassa dei gamle sjøhusa med mange spor frå tida med salting av sild, laging av tønner, utrusting av fiskebåtar og vedlikehald av fiskeredskapen.

Besøke Hufthamartunet

HUFTHAMARTUNET – Kystbonden sin gard

Hufthamartunet er døme på ei livs- og driftsform som var vanleg  på kysten av Noreg. Sesongfiske på ei tid av året, og jordbruk på andre tider. Kvinner, born og eldre i hushaldet var dei som heldt hjula i gong når mennene var ute på fiskeri. Husa på garden gir innblikk i tid der tilverking av mat og klede gjekk føre seg heime i dei ulike husa.

På garden kan setta seg inn i vestnorsk byggeskikk frå 1600-talet til slutten av 1800-talet. Dei ulike husa med ulike funksjonar dannar eit lite tradisjonelt klyngetun. Interiøra viser korleis folka med enkle midlar levde liva sine til kvardag og høgtid. Den siste fastbuande på garden flytta ut på 1970-talet og tunet vart gitt til kommunen slik at minna etter denne livsforma kunne leva vidare.

Sjå villsau

Villsauen i Austevoll er ein gamalnorsk sauerase som har levd på norskekysten i meir enn tusen år. Villsauen er ikkje “vill”, men er ein del av drifta i jordbruket. Villsauen lever ute heile året og er ein del av skog- og lyngheilandskapet. Villsauen vert sanka saman to gangar i året for klipping og utplukking av dyr til slakting. Kjøt av villsau skil seg frå anna sauekjøt både i smak og kjøtkvalitet. Villsauen er kraftigare i smaken og minnar meir om vilt. Du kan oppleve villsauen beite langs vegen sør-vest på Huftarøy eller langs turstiane.

Reise på båt- og fiskesafari

Olaskjeret byr på sjarkfisketur, og båtsafari/båttaxi med ribb.

Garfrend AS på Selbjørn tek deg med på ein totimars motorbåttur m/fisking rundt øya.

Du kan også bli med på båt- og fiskesafari på treskøyta Hardsjø. Sjå her.

Oppleve havgapskonsertar 

Når du er på tur i Austevollsnaturen, unn deg gjerne ein akustuisk havgapskonsert for å gjere augneblinken magisk. Her kan du få di eiga private musikkoppleving i frisk natur, med alt frå klassisk til viser, pop og rock; alt for einkvar smak. Det er også mogleg å tinge konsert i båt, i ei strand eller anna.

Ta kontakt med FagerEvent

Turval, sjå her

Byttelåne bøker på Storebø

Ta ei bok - gi ei bok. Du finn bokkiosken på Tusenårsstaden ved kyrkja og Casa Mia restaurant på Storebø.

Klatre

Austevoll har fleire eigna bergveggar for klatring. Innandørs klatrevegg i Austevollhallen. Utandørs barnevenlege klatrefelt; Vasseidet (Huftarøy) og Kalsundsholmen (Vinnes). 

Besøke fiskerihamner 

Austevoll er ein av Norges største fiskeri- og havbrukskommunar. I fiskerihamnene på Storebø, Torangsvåg, Bekkjarvik og Salthella kan du ofte sjå store farty.

Reise på øyhopping 

Du kan nytta den lokale snøggbåten til øyhopping i den flotte Austevollsnaturen. Båten går mellom Sandtorv, Hufthamar, Storebø, Møkster, Litlakalsøy, Lundøy og Bekkjarvik.

Sjå skyss.no for rutetider.

Oppleve bruene og “Smilet mot vest”

I Austevoll kan ein ta heile vegen mellom sør og nord gjennom vårt øyrike utan å vere avhengig av båt, takka vere alle bruene.. Turen langs hovudvegen er særs fin og har nydelieg utsikt. Biltur er eit alternativ, men den meir sporty vil nok heller prøve ut vegen med sykkel eller til fots. Det er flotte rasteplassar ved bruene. Her kan ein sitje og nyte sjø, fugleliv, ja, kanskje ein havørn.

Kvifor Smilet mot vest? Om du ser på kartet kan du finne at forma på vegen er som eit smil, og kvar munnvik endar i kvar si ende på vegen; frå Våge på Stolmen i sør til Kalve på Storekalsøy i nord. Smilet er vendt mot vest, og om ein kan ta seg den fridom å å gje namnet dobbel tyding, så kan ein nok også påstå at det vil verte mange smil langs vegen blant dei som vel å ta turen, grunna flotte opplevingar undervegs.

Besøke Stolmen

Austevoll var eit av dei fyrste stadane som vart isfritt for omlag 10 000 år sidan. På Stolmen er det gjort ei mengde funn som stadfestar at dei fyrste jeger- og fangstfolka slo seg ned her i øyriket. Det er eit rikt fugleliv og mange gode fiskeplassar rundt øya. Utmarka er ope for ferdsel til fots, og ein kan fritt overnatta i medbragt telt. Stolmen har òg Stangeland Gjestegard. Her kan ein leige den innreda løa til selskap opptil 50 personar, og gardshuset er til leige med ei mindre stove til selskap og 6 doble hotellrom.

Kvalvåg på Stolmen er ei særprega gamal handels- og fiskerihamn med eit spanande naustmiljø og kyrkje. Rutebåten stoppar ikkje der lenger, men kaia og miljøet er i god stand, med god og lun hamn, og kystkulturdagar kvar sommar.

Besøke Storebø

Kommunesenter med internasjonal fiskerihamn, gjestehamn med marina, badeplass, friluftsområde, legekontor, bank, post i butikk, kyrkje, bokkiosk, BUA og fleire butikksenter. Tusenårsstaden rommar den restaurerte presteboligen Casa Mia, og det vert det arrangert større og mindre kulturarrangement, som kunstutstilling i bakeriet, utegudstenester, aktivitetsdagar m.m.