Bekkjarvik
Bekkjarvik

Tradisjonsrikt og levande handels- og sjøbruksmiljø med Bekkjarvik Gjestgiveri,
butikksenter, postkontor, nothengje med scene, lun gjestehamn og badeplass. Kvar sommar er det store kystkulturarrangement i den gamle nothengja og med besøk av veteranbåtar. Butikksenteret er omsorgsfullt tilpassa dei gamle sjøhusa med mange spor frå tida med salting av sild, laging av tønner, utrusting av fiskebåtar og vedlikehald av fiskeredskapen.

Storebø
Storebø

Kommunesenter med internasjonal fiskerihamn, gjestehamn med marina, badeplass, friluftsområde, legekontor, bank, post i butikk og kyrkje og butikksenter. På Tusenårsstaden er det ei nyrestaurert prestebolig og -gard som rommar bl.a. Casa mia og lokalavisa Marsteinen. På staden vert det arrangert større og mindre kulturarrangement, som kunstutstilling i bakeriet, utegudstenester, aktivitetsdagar v/Livsstilsenteret og anna.

Villsau
Villsau

Villsauen i Austevoll er ein gamalnorsk sauerase som har levd på norskekysten i meir enn tusen år. Villsauen er ikkje “vill”, men er ein del av drifta i jordbruket. Villsauen lever ute heile året og er ein del av skog- og lyngheilandskapet. Villsauen vert sanka saman to gangar i året for klipping og utplukking av dyr til slakting. Kjøt av villsau skil seg frå anna sauekjøt både i smak og kjøtkvalitet. Villsauen er kraftigare i smaken og minnar meir om vilt. Du kan oppleve villsauen beite langs vegen sør-vest på Huftarøy eller langs turstiane.

Stolmen
Stolmen

Austevoll var eit av dei fyrste stadane som vart isfritt for omlag 10 000 år sidan. På Stolmen er det gjort ei mengde funn som stadfestar at dei fyrste jeger- og fangstfolka slo seg ned her i øyriket. Det er eit rikt fugleliv og mange gode fiskeplassar rundt øya. Utmarka er ope for ferdsel til fots, og ein kan fritt overnatta i medbragt telt. Stolmen har òg Stangeland Gjestegard. Her kan ein sjå på dyra, leige den innreda løa til selskap opptil 50 personar, og gardshuset er til leige med ei mindre stove til selskap og 6 doble rom.
Kvalvåg
Ei særprega gamal handels- og fiskerihamn med eit spanande naustmiljø og kyrkje. Rutebåten stoppar ikkje der lenger, men kaia og miljøet er i god stand. Kystkulturdagar kvar sommar. God og lun hamn.
Monument på tysk radar- og lytteanlegg
Tyskarane bygde eit anlegg for radar og lytting på trafikken på Stolmen under siste krig. På tuftene står i dag "Globen" – eit opplyst minnnesmerke og markering av 60 grader nord.

Bruane
Bruane

I Austevoll kan ein ta heile vegen mellom sør og nord gjennom vårt øyrike utan å vere avhengig av båt, takka vere alle bruene som bindar øyane våre saman. Turen langs hovudvegen er særs fin og har nydelieg utsikt. Vegen er flott til biltur, men den meir sporty vil nok heller prøve ut vegen med sykkel eller til fots. Det er flotte rasteplassar ved bruene, her kan ein sitje og nyte sjø, fugleliv, ja, kanskje ein havørn, medan ein tek ein kvil på benken.

Kvifor Smilet mot vest? Om du ser på kartet kan du finne at forma på vegen er som eit smil, og kvar munnvik endar i kvar si ende på vegen; frå Våge på Stolmen i sør til Kalve på Storekalsøy i nord. Smilet er vendt mot vest, og om ein kan ta seg den fridom å å gje namnet dobbel tyding, så kan ein nok også påstå at det vil verte mange smil langs vegen blant dei som vel å ta turen, grunna flotte opplevingar undervegs.