Tilbake til alle arrangementer

3 i 1 på Olaskjeret


3-i-1 PÅ OLASKJERET!

Teltet på Olaskjeret skal atter ein gong fyllast med godsteming frå start til slutt!

Denne kvelden har lokale krefter søkt kompaniskap frå Bergen og me garanterar ein kveld for både sangstemma og dansefoten.

STAS får æra av å opna gildet! Bandet består av fire sjarmerande bergenskarar i sin beste alder og dei byr på eigenproduserte låtar i sjangaren bergensk viserock.

Vidare er det den utflytta hundvåkaren, Ragnhild Cathrine Østervold, som skal leda oss ut i allsong og ein sjangerspagat av dei sjeldne!

Med seg på scena har ho gjengen frå Bergen Bonanza. Desse gromgutane har lagt sin elsk på Austevoll og det går den «hin» vegen også. I tillegg til Cathrine på vokal kjem vokalist Morten Endresen som lead vokal.

Olaskjeret vonar at terrassedekket får kjørt seg denne kvelden for her vert det dansemusikk av ypperste klasse!!!

Bergen Bonanza består av:

Einar Olsson - trommer

Eirik Utne - gitar

Lars Hammersland - tangentar

Ole Gunnar Eikeland - bass

STAS består av:

Kjetil Moe - gitar, sitar, koring

Richard Salomonsen - vokal, gitar

Aksel Bjerkvik - bass

Espen Sævold - trommer

Vent ikkje med å bestille billett, for dette vil du ikkje gå glipp av

Forrige
Forrige
16. mai

Pinsehelg i Bekkjarvik

Neste
Neste
25. mai

Sommarutstilling på Hufthamartunet