Austevoll - friske opplevingar
Vi i Austevoll Reiselivslag marknadsfører ein levande og frisk kystkultur i Austevoll, blant anna gjennom denne websida.
Det praktfulle kystlandskapet i Austevoll er fordelt over 667 øyar, med trange sund, lune hamner, blankskurde svaberg, lyngheier og frodig furuskog. Her finn du villsau, havørn og ikkje minst eit ramsalt folkeslag som er van med å ta i eit tak.
Busetting og næringsliv er basert på fiskeri, oppdrett, offshore, reiseliv og industri.
Tek du turen til Austevoll vil du få ein smak av alt dette innan ein kort radius.
E-post: post@visitaustevoll.no
Adresse: 5397 Bekkjarvik
Telefon: +47 900 26 146 (tlf. er ikkje døgnopen)