Tilbake til alle arrangementer

Sommarutstilling på Hufthamartunet


Fotoutstillinga «Austevoll gjennom nålauge og fuglefokus» står gjennom sommaren. I år er det våre lokale fotografar Anita Nordeide og Håvard Melvær som er utstillarar. Anita tek i bruka veggane i Nystova til sine foto av lokale fuglar. Det er ein kunst å få fokus på fuglar som flyg så snart dei har sett seg ned.  Håvard tek i bruk den gamle metoden «nålaugefoto» og fangar bygg og natur i Austevoll utan redigering og moderne digitale løysningar. Sommarutstillinga opnar laurdag 25.mai – kl. 13.00

Gjennom sommaren vert det fleire ulike aktivitetar. Desse vert annonserte på Austevoll kommune si heimeside og på facebook. Sjå i tillegg Hufthamartunet si eigen facebookside.

Grupper kan avtala andre besøkstider  på tlf. 55081223 

Velkommen til Hufthamartunet!


Forrige
Forrige
18. mai

3 i 1 på Olaskjeret

Neste
Neste
25. mai

Festforestilling for Kongsen kultursal