Tilbake til alle arrangementer
Har du ein liten bakar i magen, men manglar det siste innan bakekunnskap?
Bli med oss og lær korleis vi lagar det perfekte brødet! På dette kurset bakar vi foccacia, surdeigsbrød, brioche og rugbrød. Du blir introdusert til heile prosessen – frå deig, brødfolding, forming og steiking til ulike toppingar som sikrar det perfekte resultatet.
Vi avsluttar kurset med å smake på alle brøda saman med ulike deilige dippar. Ei smakfull og lærerik bakeoppleving du ikkje vil gå glipp av!
Varigheit: 3 timar
Passar for: Vaksne
Pris: NOK 1 450,-
Avbestillingsfrist: Minst 5 dagar før
Begrensa plassar – meld deg på i dag!