Tilbake til alle arrangementer

Ein kveld med Anders Totland

Forfattar Anders Totland sin nyaste roman «Til jord skal du bli» vart i fjor haust riven ut av butikkhyllene, før ho hadde fått ei einaste bokmelding i pressa – og klatra rett inn på bestseljarlista. Som om ikkje det var nok, skal boka no bli film! Ein kveld med Totland er ein kveld i livet du aldri får igjen – men det kjem du neppe til å angra på …

Boka er ein slags «rølpethriller» frå Finnskogen – om ein pensjonert prest som røktar bier, brenn sin eigen sprit, og i løpet av nokre få førjulsdagar plutseleg blir både bestefar og mordar. Det er eit salig kaos. Om de vil høyra meir om boka, ligg det eit fint intervju hos NRK: https://radio.nrk.no/.../l_3d2affca-02af-4265-aaff...

Forrige
Forrige
16. november

Julekransbinding på Frivilligsentralen, kl 1800

Neste
Neste
24. november

Akevitt & cocktailkurs på Beckerwyc Academy