Tilbake til alle arrangementer

St. Hans på Olaskjeret

  • Olaskjeret 27 Bahus Bakkasund, Vestland, 5385 Norway (kart)

St. Hans på Olaskjeret

Det vert familiearrangement på midtsomarnatten, og Olaskjeret ønskjer små og store sjørøvarar velkomne til å feire den 23. juni.

I år får dei igjen besøk av det talentfulle søskenparet, Lisa og Tobias, som tok 2. plass i MGP jr! Dei kjem med sitt fantastiske dansecrew og vil underhalde med mange kjente og kjære låtar.

I pausen kan du nyte deilig mat frå grillen – velg mellom Olaskjeret burger eller sjørøvar-hotdog! Det vil også vere stasjonar med sal av popcorn, sukkerspinn og gassballongar

Etter konserten vert det Barnas Supershow! Det blir sjørøvertema med eit fargerikt og sprudlande show, med musikk, song, dans og morsomme konkurransar

For å gjere det ekstra spennande, får alle borna delta i ein skattejakt! Kva skjuler seg på Olaskjeret? Kanskje nokon må gå planken? Og medan St.Hans-bålet tennast kan borna kose seg med sjørøvarsnopeposane sine

Båtskyss frå Bakkasund startar kl 15.30. Hugs redningsvest

Konserten startar kl 16.30, og siste båtretur går kl 20.00.

Kle deg gjerne som ein pirat, ta med dei du er glad i, og bli med og feire St.Hans på Olaskjeret!

Billettpris: 275,- pr pers (inkluderar musikk, dans, gøy og morro + sjørøvarsnopepose og båtskyss)


Forrige
Forrige
21. juni

Lindesnes trekkspillklubb

Neste
Neste
18. juli

Sivert Høyem konsert