Fyrste spelefilmen for det store lerretet basert på det bestseljande dataspillet gjennom tidene – Minecraft
Filmen er regissert av Jared Hess og har Jack Black og Jason Momoa i hovudrollene. I filmen spelar òg Emma Myers ("Wednesday"), Oscar-nominerte Danielle Brooks ("The Color Purple"), Sebastian Hansen ("Just Mercy") og Jennifer Coolidge ("The White Lotus").
Velkommen til Minecraft-verda, der kreativitet ikkje berre hjelper deg å skapa, men er heilt avgjerande for å overleva! Ei gruppe med fire snålingar – Garrett «The Garbage Man» Garrison (Momoa), Henry (Hansen), Natalie (Myers) og Dawn (Brooks) – slit med heilt vanlege problem då dei brått blir dregne gjennom ei mystisk portal inn i Oververda: eit merkeleg, kubeforma eventyrland styrt av fantasi. For å koma seg heim att må dei meistra denne verda (og verna ho mot farlege skapningar som piglins og zombiar) medan dei legg ut på eit magisk oppdrag saman med ein uventa, ekspert-handverkar – Steve (Black). Eventyret deira vil utfordra dei alle fem til å vera modige og finna att dei eigenskapane som gjer kvar og ein av dei unikt kreative … dei same ferdigheitene dei treng for å meistra den verkelege verda.
Regi: Jared Hess
Produksjonsår: 2025
Skodespelarar: Jack Black, Jason Momoa, Danielle Brooks, Sebastian Hansen, Emma Myers
Nasjonalitet: USA
Lengd: 1t. 40min.
Aldersgrense med grunngjeving: 9 år
Filmen inneheld parti med intens stemning, fleire farlege situasjonar og skremmande skikkelsar. I tillegg inneheld filmen fleire kamphandlingar, men sidan ho er sett i eit tydeleg fantasiunivers med ein humoristisk ramme, får ho aldersgrense 9 år.