Tilbake til alle arrangementer

Padleturar 2024


Havstril padleklubb har på ny plukka ut nokre av favorittstadane sine og inviterer alle i kajakk, kano eller robåt å utforska desse perlene. Trimpoenga går i sommar og fram til slutten av september. Det er lagt det opp slik at du kan ta fleire av plassane på same padleturen om du vil.

Mange av stadane er små, gøymde sund og viker som mange kanskje hastar forbi, men i kajakken glir du inn sjølv på dei mest bortgømde vikene.

Det vert deltakarpremiar til alle som betaler deltakaravgift på 100 kroner og registrerer eit eller fleire trimpoenglokalitetar. I tillegg er ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri også ein premie som vert trekt ut blant dei som har registrert flest turar – og eit gåvekort på padleutstyr på kroner 2 500,- frå Austevoll kraftlag blant dei andre deltakarane.



Forrige
Forrige
14. juni

Middagscruise fra Bergen til Bekkjarvik 14. juni

Neste
Neste
17. juni

Austevollbadet stengt for vedlikehald