YEEHAW, COUNTRYELSKARAR!
Er du klar for å oppleve ein uforgløymelig kveld fylt med musikk, dans og ekte cowboystemning? Bli med på til Olaskjeret den 24. mai frå kl. 18.00
Det vert timesvis av livemusikk som vil få deg til å synge med og danse til seine kvelden
Først ut er den talentfulle Andrea Aarland Vaage, som garantert vil varme opp scena før den rutinerte gjengen i bandet, Westwood, beståande av Ole André Westerheim, Mathias Agdestein Steffensen, Øystein Heide Aadland, Vidar Støyva og Jostein Marø, tek over med sine fantastiske countrytonar. Saman delar dei alle ein stor lidenskap for klassisk countrymusikk og leverar ei minneverdig liveoppleving!
Me hyllar legendar som Willie Nelson, Dolly Parton, Johnny Cash og mange fleire! Og som om ikkje det var nok – DJ-musikk blir spela med dei beste landlege hitane før og etter konsertane, så ta med dansefoten!
Men det er ikkje berre musikken som gjer dette til ein kveld du ikkje vil gå glipp av! Bli med på lassokasting, vis fram dine beste moves i linedance, og ha på deg ditt stiligaste countryantrekk – det vert kåring den beste looken
Og kva ville ein cowboykveld vore utan ekte cowboymat? Nyt vår Country Style Tex-Mex og den Rustikke Ranch Baked Potato – smakfulle rettar som vil tilfredsstille kvar cowboy- eller cowgirl-mage!
Så, saddle up, og ta med deg vener og familie for ei kveld full av minner, latter og glede. Dette er noko du ikkje vil gå glipp av
Tilbake til alle arrangementer