Tilbake til alle arrangementer

Bokbad med Ole Torp

  • Bekkjarvik gjestehavn 70 Bekkjarvik Bekkjarvik, Vestland, 5397 Norway (kart)

Dypet under ham: Min far, krigsseileren

Ole Torp, kjend journalist og tidlegare programleiar i NRK, er aktuell med boka Dypet under ham. Min far, krigsseileren. Han kjem til Senioruniversitetet i Austevoll og presenterer boka.

I over tretti år har Ole Torp grunna på historia om faren sin, Nic Torp, som gjennom seks år til sjøs opplevde frykt, dramatikk og tap. Mellom anna overlevde faren då skipet hans vart torpedert av ein tysk ubåt i Atlanterhavet.

Boka skildrar ikkje berre dei sterke krigsopplevingane, men også korleis desse prega faren og forholdet mellom far og son. Dette er ei gripande og tankevekkande forteljing om krig, familie og etterverknader.

Velkommen til eit møte med Ole Torp og korleis krig påverkar menneske og relasjonar.

Arrangør: Senioruniversitetet i Austevoll

Stad: Austevoll Folkebibliotek, Bekkjarvik Torg
Gratis for medlem,
100 kr for ikkje-medlem.

Forrige
Forrige
15. februar

Sushikurs, Beckerwyc Academy

Neste
Neste
21. februar

Hjerter i sang 2025