Tilbake til alle arrangementer

Austevollspelet fyrste framsyning

  • Kobbaneset 47 Kalvaneset Bekkjarvik, Vestland, 5397 Norway (kart)

Gå 100 pr tilbake i tid i ei levande skrildring av lokale historier

AUSTEVOLLSPELET er ein fiskerimusikal og eit utandørs historisk spel som tek oss tilbake til byrjinga av 1900-talet. Hans Karin Kalvenes og søskena må velge om dei vil satse på å bli verande på Vestlandet eller å reise over Atlanterhavet til Amerika. Vi høyrer historia bli fortalt gjennom Hans Karin, kona hans Kari, far hans, Lars, øvrige i familien og historiar frå lokalsamfunnet. Forestillinga blandar fakta med fiksjon og har som mål å vise korleis vår eiga kultur gjekk føre seg noko tilbake i tid. Spelet hadde premiere i 2022, og visast i år for første gong under navnet AUSTEVOLLSPELET.

Velkommen til ei friluftsframsyning på Kobbaneset, 8-9 august.
Forestilling 1: Lørdag 8. august kl. 14
Forestilling 2: Lørdag 8. august kl. 18
Forestilling 3: Søndag 9. august kl. 14 (Sidan dette er siste forestilling, inviterer vi denne dagen også publikum til å bli igjen på Kobbaneset og sosialisere, gå ombord i båtar og prate med kvarandre)

Varighet: ca. 1 time

Billetta kjøpast gjennom EasyTicket her: https://austevollspelet.easyticket.no/

Egna som familieframsyning, med små og store statistar aktivt med i spelet.

Prisar:
Vaksen: 300,-
Student/under 18 år: 200 kr

Stikkord: Fiskerimusikal, Historisk spel, Austevoll, friluftsframsyning.

Restriksjonar:
Framsyninga er utandørs, med vestlandsværet som bakteppe. Me anmodar om å kle seg etter forholda.

All ferdsel på området er på eige ansvar. Pga. nærleiken til sjø anbefaler vi at barn under 16 år er i følgje med vaksne. Parkering ved Selbjørn gravkapell og ferdsel 200 m til fots derifrå (Kalvaneset 47). Eventuelle rullestolbrukarar kan bli kjørt ned til spelestaden og parkerer bil på gravplassen.

Prosjektetet er støtta av Kulturrådet (Historiske spel), Sparebanken Norge, Austevoll kommune og andre aktørar (oppdaterast)

Forrige
Forrige
24. juli

Palepop - festival i havgapet

Neste
Neste
8. august

Austevollspelet andre framsyning