Tilbake til alle arrangementer
Bli med å feire 75-årsjubileum for Austevoll folkebibliotek.
Set av datoen 20. september! Denne kvelden feirar me at Austevoll kommune har hatt bibliotekteneste i 75 år. Eit stjernelag av lokale artistar og forfattarar sørger for ei minnerik stund. Du kan glede deg til bokprat med Kjartan Brügger Bjånesøy, standup med May Linn Clement, musikk frå det framstormande bandet Bellefolie, og meir. Feiringa går føre seg i Kongsen kultursal klokka 18:00. Arrangementet er gratis og ope for alle – velkommen!