|
Virtuelle
turar i Austevoll - Stolmavågen
Stolmavågen er ei god hamn søraust på øya Stolmen,
med eit fint naustmiljø.
Det var her handelen med utlandet byrja. Austevollingane har i alle tider "sett utover", og kanskje er det svaret på korleis han har klara seg så bra gjennom alle tider. Eldre naust frå 1600-talet står framleis. Du kan vandra frå vik til vik og nyta stillheita og harmonien i miljøet. Handelsmannen på øya driv god service og skaffar det meste.
Han treff du på Årland, tlf: 56 18 50 13.
|