Hovudsida
Verdt å sjå i Austevoll
Kystkultur
Småbåthamn
Turløyper/ Nordsjøløyper
Fiske
Friluftsområde
Aktiviteter
Overnatting og Servering
Handel
Transport
Kontakt oss
Korleis kjem du deg til Austevoll
VR-presentasjon av Austevoll
Lenker
Kart
English version English
Norsk versjon Norsk

Virtuelle turar i Austevoll - Hufthamartunet

Nord i Austevoll på Hufthamar, ligg ein gruppe bygningar i eit gammalt gardstun. På denne plassen har det vore gardsdrift langt tilbake i tida. I 1958 vart det funne ei vikingegrav i eine enden av garden. Garden er framleis i drift, men bygningane i Hufthamartunet er blitt museum Det eldste av husa, "Gamlestova" er frå 1600 talet. Dette er bygd utan skorstein der røyken frå eldstad og ovn gjekk ut gjennom eit hol i taket. Slik var huset fram til 1913. Til å begynne med var vindauga dekt av ku- eller grisemagar som var strekt ut i ramma. Dei første glasvindauga kom etter 1800. Dei som besøker Hufthamartunet kan puste i atmosfæren frå gamle dagars gardsliv, og kjenne på noko av dei karrige vilkår det var å drive gardsbruk i gamle dager.

Austevoll Reiselivslag, p.b.99, 5399 Bekkjarvik Tlf: 95187698 post@visitaustevoll.no