Back to All Events

Klassisk konsert i Løo Bekkjarvik kl 1600

Klassiske tonar med Tord Kalvenes (tenor) og Maria Kuleshova (klaver). Dei framfører verk av Grieg, Beethoven, Tchaikovsky med meir.

Tord Kalvenes er utdanna med ein mastergrad i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo, der han skreiv ein avhandling om amerikansk kormusikk. Han har også studert komposisjon og ensembleleiing ved Norges Musikkhøgskule. Som utøvar har Kalvenes framført musikk både som solist, komponist og ensemblesongar. Han er også kunstnarisk ansvarleg for Ensemble Tabula Rasa, som er eit prosjektkor med songarar frå Bergensområdet.

Maria Kuleshova er ansatt som organist i Austevoll kommune. Ho har si utdanning som pianist frå heimlandet Russland og frå Griegakademiet. Kuleshova gjer også konsertar både som klaversolist og akkompagnatør.

Vi gler oss til å presentere musikk for dykk denne første søndagen i juli.

Billettar kan anskaffast gjennom TicketCo eller ved salg i døra.

https://klassisketonar.ticketco.events/no/nb/e/klassiske_tonar_med_tord_kalvenes_og_maria_kuleshova

Vaksne: 200 kr
Under 16: Gratis