Back to All Events

Boklansering: På butikken fekk me alt

Om handelsstadar, landhandlarar og butikkar i Austevoll.

Austevoll historielag lanserer den nye boka i biblioteket. Gratis adgang. Boka vil koste 300 kroner, og det vil bli høve til å kjøpe boka.

Frå føreordet i boka:
«Eit gjennomgåande tema i mange av tekstane er landhandelen si betydning som samlingsstad i dei små lokalsamfunna. Fleire av bidragsytarane har skildra korleis borna til landhandlaren blei involvert i dei ulike og ofte tunge arbeidsoppgåvene. Sirupstønna og sølet rundt den gjekk igjen i fleire av tekstane vi fekk inn. Som fellesnemnar for dei fleste tekstane blei det: På butikken fekk vi alt!»

«For den lokalhistorisk interesserte vil dette skrivet gjenkalle gode minner, gi ny kunnskap og nye tankar om handelsdrift her på øyane gjennom dei siste hundre åra. Lesaren får innsikt i handels- og gjestgjevarstader, landhandlarar ved sjøen og eit stykke frå sjøen. For innflyttarar til kommunen og for ferierande i Austevoll gir boka ei kjærkome anledning til å bli betre kjent med historia til kommunen. Tidsaspektet i boka famner om dei siste 400 åra, men dreier seg i hovudsak om dei siste par hundre åra. Boka belyser ikkje det aller nyaste innan daglegvarehandel i Austevoll.»

Earlier Event: October 13
Gjestespill med Christopher W Davidsen
Later Event: October 20
Kolbeiinsvikrevyen 2018