Nordsjøløypene

static1.squarespace.com8.jpg

Du kan nytta lokalbåten M/S Tjelden til øyhopping i den flotte austevollsnaturen. Avgong fleire gongar for dagen mellom Bekkjarvik, Lundøy, Litlakalsøy, Møkster,  Storebø, Sandtorv og Hufthamar. Sjå norled.no for rutetider.

 

  

Nordsjøløypene er merka.

N= Stolmen frå Kvalvåg – Våge
N= Selbjørn Gauksheim – Stolmabrua
N= Selbjørn Grasdal – Bekkjarvik
N= Hudvåkøy – Troland
N= Bakkasund Kalve – Skansen

Nordsjøløypa på Stolmen: Løypa følgjer gammlevegen frå Kvalvåg til Våge. Her er avstikkarar til “Såta” som er det høgaste punktet på Stolmen. Du går også forbi restane av radaranlegget som tyskarane bygde opp under andre verdskrig. Du bør vera godt skodd fordi ei mengde område består av myrlandskap. Er du heldig treff du på ein villsau, kanskje ei ørn eller hubro. Til og med albatross er blitt observert. Det fins ei brosjyre som omhandlar løypa hos Hordaland Fylkeskommune. Denne kan du også få hos handelsmannen på Stolmen,
C. Aarland, tlf: 56 18 50 13 – les meir på Hordaland Fylkeskommune sine nettsider.