|
KVALVÅG Ei lun hamn på nordsida av Stolmen. Ein gammal handelsstad som no er ei populær uthamn for Bergen Seilforening. Ankring og fortøying innst i vågen, sandbotn, djupne 2m. Fortøyingsboltar, bryggjer, minste djupne 1,3m.
VR-PANORAMA
STOLMAVÅG God hamn søraust på Stolmen. Her kan ein ankre fleire stader innan hamneområdet. Sandbotn, djupne 1-15m. I den vestre vågen innst i hamna er det djupner på 1-1,5m. Fortøyingsboltar, og fleire bryggjer der det er mogleg å leggja til.
VR-PANORAMA
SALTHELLA
God og romsleg hamn på nordsida av Selbjørn.
Best ligg ein søraust i hamna. Djupne 1,2-7m.
Fleire gode kaiar. På vestsida er det ein
offentleg vinkelkai på 38 meter.
VEIVÅG
God og romsleg hamn på nordsida av Selbjørn.
Godt ankerfeste på leirbotn. Djupne 10-20m.
På sør og vestsida av vågen
er farvatnet nær land noko ureint og langgrunt.
Fortøyingsboltar. Ein del bustadhus. Innsegling
på begge sider av holmen som ligg mellom
jernstengene midt i innlaupet.
MØKSTER
Kjent fiskehamn i Møkstrafjorden. Hamna er søraust på øya. Fleire område for ankring innafor lykta på skjel og sandbotn. Djupne 3-20 m. Fortøyingsboltar, og fleire gode kaiar der ein kan leggje til. Gjestebrygge. post og butikk. Fin badeplass.
|
BEKKJARVIK
Fiskevær og handlesenter på austsida av Selbjørn. Lun og god ankerplass innst i vågen på sandbotn. Djupne 2-6 m. Staden er heimehamn for store fiskefartøy. Fortøyingsringar rundt heile hamna. Fleire store og gode kaiar. Servering, restaurant, pub/bar. Gjestebryggje, flytebryggje, bunkers, dusj,vaskerom, avfallsdunkar og handlesenter. Trådlaust nettverk. Badeplass.
VR-PANORAMA
GILSVÅG
Lun og romsleg hamn innerst i vågen for
fartøy som kan passera det ureine 1,6 m.
djupe innlaupet. Lettast innsegling aust av Blænesøyi
nær land på Vinnesneset. Friluftsområde
på vestsida av Kalsundet.
AUSTRE
VINNESVÅG
Mange ankringsplassar i buktene rundt vågen.
Kastet innst i vågen er ei god hamn. Sand
og leirbotn, djupne 13m. Innseglinga er open,
men inn til Kastet er det trongt.
HEVRØY
Lita trong molohamn nord for Stolmen. Kai på
15 m. Minste djupne 4 m. Innseglinga frå
nordaust og vest er merka med jernstenger.
STOREBØ Ei stor fiskehamn nord vest på Huftarøy. Romsleg og lun ankerplass der ein kan liggje på svai i Storebøvågen sør i hamna. Søle- og sandbotn, djupne 25 m. Fleire store og gode kaiar i hamneområdet. Gjestebryggje, dusj, vaskerom. Storebø er kommunesenter og det er kort veg til butikkar, bank mm. Servering. Trådlaust nettverk
VR-PANORAMA
|
HORGO
Romsleg og god hamn. Sand- og leirbotn gjev godt ankerfeste. Djupne 16-21 m. Fortøyingsboltar. Sør i vågen er det langgrunt. Badeplass. Eit av fleire friluftsparadis for båtfolk. Overnatting i eit gamalt gardshus er mogleg (Ta kontakt med Bergen og Omland Friluftsråd).
TORANGSVÅGEN
Romsleg og god hamn på austsida av Hundvåko.Det
kan ankrast overalt i hamna. Djupne 3-13 m. Midt
inne i vågen er ei bru, fri høgde
2.25 m. Innselgling frå aust, nord om blinken
på Vågskjerflua. Fleire gode kaiar
med plass til gjestande båtar. Bunkers og
proviant. Friluftsområde med badeplass på
Torangneset.
BAKKASUND Eit lite idyllisk fiskevær på austsida av Kalsøy. Offentleg kai 31,5 m. lang. Djupne 2,4 m. Vest for kaia er det grunt. Lengre inne i hamna er det fleire kaiar. Minste djupne 1,7 m. Fortøyingsboltar. Bunkers, dusj, vaskerom og proviant. Trådlaust nettverk.
VR-PANORAMA
KOLBEINSHAMN Gamal handelsstad på nord/austsida av Huftarøy. Kolbeinshamn ligg nærast i ei lagune med god livd for ver og vind. Gjestehamna er godt utbygd med flytebryggjer og gjer plass til 50-60 større lystbåtar. Minste djupne i hamna er 3 meter. I gjestehamna finn ein landhandel, leikeplass, wc/dusjanlegg, vaskemaskin/tørketrommel, strumuttak og ferskvatn. Sykkelutleige.
VR-PANORAMA
LITLAKALSØY
Bilfri øy mellom Møkster og Hevrøy. Koseleg hamn med gjestebrygge og landhandel. Straum. WC og vaskemaskin. Flott nærmiljøanlegg med trampoline og leikeapparat. Flotte badestrender nord på øya og i holmane rundt. Fiskerihamn.
VR-PANORAMA
|