Hovudsida
Verdt å sjå i Austevoll
Kystkultur
Småbåthamn
Turløyper/ Nordsjøløyper
Fiske
Friluftsområde
Aktiviteter
Overnatting og Servering
Handel
Transport
Kontakt oss
Korleis kjem du deg til Austevoll
VR-presentasjon av Austevoll
Lenker
Kart
English version English
Norsk versjon Norsk

Austevoll - Fiske

Sjøfiske

Austevoll har mange mogelegheiter for fiske i sjøen. Du kan fiske frå land på svaberga frå alle offentlege kaiar, ved bruene eller frå båt sjølvsagt. Du kan få leigd båt, eller skøyte med skippar for skikkeleg fiske på havet. I samarbeid med Fiskarfagskulen i Austevoll kan ein få leiga M/S Krusing for oppdrag. Ta kontakt på tlf 975 673 07. M/S Rover tek også oppdrag, og kan kontaktast på telefon 90 89 07 36. Husk å ta omsyn til reglar for fritidsfiske, og ikkje gå for nær oppdrettsanlegga. Utleige av småbåtar ved Bekkjarvik Gjestgiveri.

M/S Rover

Fiske i ferskvatn

Austevoll har mange ferskvatn og vassdrag. Det er lagt til rette for fiske i eit vassdrag ved Kvernavatnet på austsida av Huftarøy. Fiskekort må kjøpast. Haukanesvassdraget 3 vatn, fiskekort kan kjøpast hos Kolbeinshamn Landhandel, tlf: 48 20 20 13 eller Svein Midtøy tlf: 95 08 68 56/56 18 55 88. Vassnesvatnet er tilrettelagt for funksjonshemma. Sjå elles www.veten.no/jakt

Les meir om ferkvannsfiskemoglegheitane i Austevoll hos Fylkesmannen i Hordaland

Austevoll Reiselivslag, p.b.99, 5399 Bekkjarvik Tlf: 95187698 post@visitaustevoll.no