Trening og sport
Trening og sport

Austevollhallen, Eidsbøen på Huftarøy: Mange aktivitetar, mellom anna klatring, fotball, handball, volleyball. Uteanlegg med friidrettsbane, krøllgressbane, grasbane mm. Austevoll Idrettsklubb tlf: 55 08 44 40, e-post: aik@lysglimt.net.

Selbjørn idrettsanlegg  i Bekkjarvik: Selbjørnshallen. Grusbane. Krøllgrasbane. Sandvolleyball, ballbinge og tennisbane. www.selbjornil.no

Basseng
Basseng

Stolmen Helsebasseng
Tlf: 977 13 435
www.stolmenvel.no
Ta kontakt for avtale

Øyhopping
Øyhopping

Du kan nytta lokalbåten M/S Tjelden til øyhopping i den flotte austevollsnaturen. Avgong fleire gongar for dagen mellom Bekkjarvik, Lundøy, Litlakalsøy, Møkster,  Storebø, Sandtorv og Hufthamar. Sjå norled.no for rutetider.
 

Motorbåtsafari
Motorbåtsafari

Ein tur med motorbåt og sjå Austevoll frå sjøen.
Sjå www.garfrend.no
Tlf: 906 36 988, e-post: overnatting@online.no

Sykkelutleige
Sykkelutleige

Bakkasund, tlf: 971 28 818
Intersport Bekkjarvik, tlf: 56 18 08 56

Padling
Padling

Havstril padleklubb, tlf: 988 74 253

Dykking
Dykking

Påfylling av luft får du i Bekkjarvik.
Vakttelefon: 952 23 230

Nordsjøløypene
Nordsjøløypene

Nordsjøløypene er merka.

N= Stolmen frå Kvalvåg – Våge
N= Selbjørn Gauksheim – Stolmabrua
N= Selbjørn Grasdal – Bekkjarvik
N= Hudvåkøy – Troland
N= Bakkasund Kalve – Skansen

Nordsjøløypa på Stolmen: Løypa følgjer gammlevegen frå Kvalvåg til Våge. Her er avstikkarar til “Såta” som er det høgaste punktet på Stolmen. Du går også forbi restane av radaranlegget som tyskarane bygde opp under andre verdskrig. Du bør vera godt skodd fordi ei mengde område består av myrlandskap. Er du heldig treff du på ein villsau, kanskje ei ørn eller hubro. Til og med albatross er blitt observert. Det fins ei brosjyre som omhandlar løypa hos Hordaland Fylkeskommune. Denne kan du også få hos handelsmannen på Stolmen,
C. Aarland, tlf: 56 18 50 13 – les meir på Hordaland Fylkeskommune sine nettsider.